Førebygging av sjukdom står sentralt i økologisk husdyrhald, og det blir lagt vekt på eit godt husdyrmiljø. Gjennom val av eigna rasar eller avlsdyr og eit dyrehald som er tilpassa behova til dei ulike artane, fremjar ein motstandskraft mot sjukdom og førebygger infeksjonar i besetninga. Bruk av fôr av god kvalitet, regelmessig mosjon og tilgang til beite er avgjerande. Ein kan ofte unngå dyrehelseproblem ved å tilpasse besetningsstorleiken etter gardens ressursar. Det er forbode å bruke kjemiske eller syntetiske legemiddel til førebyggande behandling, bortsett frå vaksinering, parasittbehandling og behandling pålagd av myndigheitene.

Lengd på tilbakehalding ved bruk av legemiddel
Tilbakehaldingstida er dobbelt så lang i økologisk som i konvensjonell drift. Dersom tilbakehaldingstida er oppgitt til 0 dagar eller «ingen», er tilbakehaldingstida i økologisk drift 48 t. Eit unntak er vaksinar, der lengda på tilbakehalding er null dagar. Hugs at du ikkje kan marknadsføre eller selje økologiske dyr og produkt før den doble tilbakehaldingstida er over. Per dyr og kalenderår kan det normalt skje inntil tre behandlingar med legemiddel med tilbakehaldingstid, før dyret må gjennom ein ny karensperiode. Dette gjeld ikkje vaksinering og parasittbehandling.

Det er viktig å føre all bruk av terapeutiske middel og legemiddel i helsekortet, og behandla dyr skal identifiserast tydeleg. Ein må hugse at alle parasittmiddel har tilbakehald av slakt. Dette står under produktinformasjonen på flaskene/medisinen.

Parasittbehandling- generelt
Alle parasittmiddel kan brukast førebyggande i samråd med veterinær og i kombinasjon med andre førebyggande tiltak. Parasittar finst i alle sauebesetningar– men dei treng ikkje «lukkast» i å gjere skade. God og rett fôring gjennom vinteren og fram mot lamming fører til søyer i god kondisjon, som taklar godt fostervekst, lamming og overgangen til mjølkeproduksjon. Tilstrekkeleg tilgang på alle naudsynte mineral kan vere avgjerande for dyra si helse. Nok råmjølk, og seinare nok mjølk og anna fôr, til lamma gjev store og robuste lam som har god motstandsdyktigheit mot parasittar. Ver merksam på at klimaet, dvs. kvar i landet du bur, har mykje i seie i forhold til kva parasittar som er årsak til problem.

I dei fleste sauebesetningane i Noreg er behandling mot rundorm nødvendig. All parasittbehandling ut over dette er tilleggsbehandlingar. Behovet for tilleggsbehandlingane (f.eks. pga. koksidiar, flått, flugelarvar og leveriktar) skal vurderast i samråd med din lokale veterinær.

For å kunne behandle dyra er det veldig viktig å ha tamme dyr, spesielt når dei går på eit stort beite. Ei velfungerande samlekve og sluser lettar arbeidet. Kanskje det er aktuelt å bruke gjetarhund?

Animalia: Nye anbefalingar for handtering av parasittar hjå sau


Behandling mot rundorm

Om hausten blir påsettlam og vaksne sauar behandla før paring. Dersom sauane skal vere i fjøsen om vinteren, bør dyra behandlast etter innsett. Om dei går ute heile eller deler av vinteren, bør dei behandlast etter at frosten har kome. Om våren er det tid for å behandle lam. Lamma behandlast ved slipp i utmark. Ved bruk av innmarksbeite om sommaren, bør lamma behandlast rundt 3-5 veker etter utslepp på vårbeite. I besetningar som går ute heile året (for eksempel villsaudrift) kan ein behandle lamma i forbindelse med klipping av flokken.

Å behandle alle vaksne søyar og åringar ved slipp i utmark er som regel unødvendig, og kan bidra til utvikling av resistens.
Ser du tydelege teikn eller symptom på parasitter, snakk med dyrlegen din.

Behandling mot koksidiar
Tilleggsbehandling av lam med toltrazuril mot koksidiar er nødvendig i ein del besetningar. Førebyggande årleg behandling av lam mot koksidiar er utbredt i Noreg, og det er ofte nødvendig for å unngå sjukdom pga. høgt smittepress i samband med intensiv bruk av vårbeita. I ein del besetningar er det mogleg å redusere behandlingsomfanget.

Visste du at....

Alltid: Før behandlinga bør ein ta avføringsprøver. Slik veit ein kva parasittar ein har i beitet/på garden og kva ein skal behandle mot. Ein får også kunnskap om evt. resistensutvikling mot parasittmiddel.

Avføringsprøver

  • Bestill «parasittpakken» frå utstyrsbestilling@vetinst.no
  • Prøvetakingsutstyr til 5 dyr, rekvisisjonsskjema og ferdig adressert/frankert konvolutt.
  • Ta avføring direkte frå dyret, helst ikkje frå bakken. 4-5 søyer i ulik alder og i ulikt hald.
  • Bruk eingongshanskar og vreng hansken rundt avføringa, knyt igjen.
  • Minimum ei spiseskei avføring (5 gr.).
  • Snakk med dyrlegen din om resultatet, og følg dei råda din dyrlege meiner er det beste for DIN besetning.
Bilde2
«Uansett årstid, vår, sommar eller haust: Sørg alltid for tilgang på nok mat av god kvalitet som fører til store robuste lam med godt immunforsvar. Sauene skal alltid ha tilgang til reint vatn.»

God beiteforvaltning
Beiteskifte eller sambeiting med andre dyreslag er viktig for å redusere smittepress av parasittar. Sauen er utsett for innvortes parasittar. Dei mest vanlege er koksidiar og rundormar. Felles for desse parasittane er at dei ikkje overlever dersom beitet er fritt for sau ein beitesesong, men dette kan vere vanskeleg å få til i praksis. Om ein har anledning er det med tanke på smittepresset bra å ikkje sleppe lam på beite om våren der det har vore lam om hausten. Hugs også på at motstandsdyktigheit mot parasittar er arveleg.

Dei fleste parasittane er arts-spesifikke, det vil seie at parasittar hjå sau ikkje smittar storfe eller hest, og omvendt. Vekselbeiting med kyr og hest eller jamleg maskinell beitepussing er førebyggande med tanke på smitte. For å redusere dyretettleik og smittepresset om våren kan du vurdere å beite meir av slåttemarka, noko som samstundes vil føre til auka næringstilgang for sauane om våren. Dess høgare graset sauane beiter på, dess mindre sjanse er det at dei et i seg parasittar.

Beite er ein veldig viktig ressurs i husdyrproduksjonen. Med god plan for beiting kan ein få større lam, betre slaktevekt og dermed betre økonomi. Få hjelp til å lage ein god plan for beiting! Din lokale rådgjevar kjem på besøk til deg og hjelper til med vurdering av beita, og lagar ein plan for bruk og stell. Er du interessert i målretta beiting? Les meir her, og ta kontakt med oss: Målrettet beiting for bedre jord- og økosystemhelse | NLR Østafjells



Kjelder:
Nye anbefalinger for håndtering av parasitter hos sau (animalia.no)

Regelverksveileder Økologisk landbruk