– Vi er eit senter som skal jobbe for berekraftig fjellandbruk. Vi skal bidra til kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling, og vi skal vere med på å skape eit nettverk mellom bønder og andre som jobbar med fjellandbruk, seier Juliana Bonin.
Nasjonalt senter for fjellandbruk er eit AS som vart stifta i 2023. Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving, Norges Vel, Fjellnettverket og vertskommunen Øystre Slidre er eigarar. I styret er heile fjellregionen representert, og det er tidlegare stortingsrepresentant Nils T. Bjørke frå Voss som er styreleiar. Liv Lyngstad er styremedlem frå NLR. Fjellandbrukssenteret er finansiert over statsbudsjettet.

– Det er eit mål om å vere representert ulike stader i fjellregionen, både med aktivitetar og med tilsette. Det er i dag hovudkontor på Løken forsøksgard i Valdres, og eit satelittkontor på Oppdal. På Oppdal sit Jenny Heggvold, som har delt stilling mellom Fjellandbrukssenteret og NLR.

– Senteret skal drive med koordinering av det som skjer innanfor fjellandbruket. Vi skal ha opne øyre og auge, og prøve å plukke opp gode lokale prosjekt som det er viktig at fleire får høyre om. Vi skal drive nasjonal kunnskapsdeling, seier Juliana Bonin.
Kva er fjellandbruk?
– Då Fjellandbrukssenteret starta fanst det ein definisjon som sa at det er 71 fjellkommunar i landet. Dette har vore drøfta vidare i styret, og dei meiner at definisjonen på fjellandbruk ikkje treng å følgje kommunegrenser.
Det kan ofte vere slik at det er fjellandbruk i nokon bygder i ein kommune, medan landbruket i andre bygder i same kommune ikkje har de same særtrekka. Det er også stor variasjon blant bøndene i fjellregionen om dei sjølve oppfattar seg som fjellbonde. Fjellandbruket er stort sett fordelt på fylka Innlandet, Vestland, Trøndelag, Buskerud, Telemark, Møre og Romsdal, Agder og Rogaland.
Fjellandbruket er kjenneteikna av at jordbruksareala ligg høgt over havet og at vekstsesongen er kort. Dei dyrka areala er ofte bratte og små, noko som gjer at også avstanden mellom teigane gjerne er lengre. Typisk for fjellandbruket er grasbaserte husdyrproduksjonar med mjølkekyr, kjøttfe og sau.
Utmarksbeita er en viktig del av ressursgrunnlaget til gardane, og mange fjellbønder er heilt avhengige av å sende dyra sine til fjells for å avlaste jordene i bygda til produksjon av vinterfôr. Slik er det også med stølsdrifta.
I tillegg til husdyrproduksjon finn vi også kornproduksjon, poteter og frukt og bær i fjellregionen.
I fjellandbruket er det ei felles utfordring med at det er mange båsfjøs. Det er også ei utfordring å få til stor volumproduksjon på mange fjellgardar og ved bruk av utmarksbeite.
Gjennom jordbruksavtalen er det eigne fjellandbruksmidlar. Denne ordninga gjeld for utvalte fjellkommunar i Trøndelag, Innlandet, Buskerud og Telemark fylke.

Kva for aktivitetar driv senteret med?
– Fjellandbrukssenteret har nokon eigne prosjekt der vi skaffar fram ny kunnskap, og vi samarbeider med andre og deltek t.d. inn i forskingsinstitusjonar sine prosjekt. Kunnskapen blir delt gjennom seminar og webinar, og vi legg ut rapportane på heimesida vår.
I webinara som blir arrangert i haust er det ein del fokus på alternative energikjelder og energibruk. Det blir også webinar om seterprosjekt som senteret er involvert i. Mange av webinara blir det teke opptak av, slik at ein kan sjå dei i etterkant. Det har vore webinar om velferdsordningane, grovfôrproduksjon, juss i utmarka mv.
NLR og Fjellandbrukssenteret har det siste året samarbeida om å gje ut nyheitsbrevet FjellNytt. Det blir sendt til medlemer i fjellregionen og inneheld nyheiter og fagstoff.
Seterfagdagar
Juliana har lyst til å trekkje fram at Fjellandbrukssenteret skal arrangere ein serie med seterfagdagar i løpet av 2026 og 2027. Dette er noko som fleire medlemer i NLR kjem til å bli involvert i. Målet er å betre økonomien i seterdrifta, og det blir fokus på mjølkemengde og mjølkekvalitet når dyra skal produsere på fjellbeite. Beitekvalitet og skjøtsel er aktuelle temaer, men også korleis ein heilt praktisk kan leggje opp årshjulet i drifta.
Ung fjellbonde-samling
Denne hausten blir det arrangert Ung fjellbonde-samling for andre gang. Det var kjempepopulært første året, og mange sette pris på å få eit nettverk med andre unge bønder. Fjellandbrukssenteret arrangerer også ein
dag to under Fjellandbrukskonferansen på Oppdal, der det skal vere fjøssafari for å sjå på nybygde fjøs for storfe og sau.
– Vi kjem nok til å arrangere liknande ting framover, seier Juliana, men kanskje skal vi også sjå meir på korleis vi kan kople saman ulike aktivitetar om fjellandbruk, slik at det blir tilgjengeleg for flest mogleg.

Fjellandbruk.no
Fjellandbrukssenteret har ei fin heimeside der det står ein del om kva fjellandbruk er, det er publisert ein del fagrapportar og anna stoff som er interessant for fjellandbruket, og det er informasjon om aktuelle ting som skjer.
På fjellandbruk.no ligg det invitasjonar til ulike webinar som senteret arrangerer, og det er opptak frå dei som er gjennomført. Det er kalender med alle slags arrangement, og invitasjonar også til andre organisasjonar sine møte og tiltak.
– Vi har nettopp starta opp med ei spalte for småsmarte løysingar, fortel Juliana. Der er det berre å sende inn ting ein sjølv er veldig fornøgd med, eller å gå inn og sjå om det er nokon gode tips frå andre!



