Marknadshagedyrking: Stor interesse for småskala grønsakproduksjon

22.10.2020 (Oppdatert: 22.10.2020) Lena Abel

Interessa for småskala dyrking av grønsaker for sal gjennom lokale salskanalar har auka betydeleg i Noreg. Fleire forbrukarar ynskjer å få kjøpt grønsakene sine utanom dei store kjedene. No kan du vere med på kurs for å lære meir om dyrkinga.

Insektduk er til god hjelp mot insektangrep i kålåkeren, i marknadshagen på Sogn Jord- og Hagebruksskule, i Aurland i indre Sogn. (Foto: Frøydis Lindén)

På Vestlandet finst det mange, små areal som er eigna for grønsakproduksjon. I det siste har interessa for dyrking av grønsaker auka, også i område der det ikkje tradisjonelt blir dyrka grønsaker.

Marknadshage som driftsform

Prinsippa for drift av ein marknadshage handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på 1-5 dekar, med faste bed i eit vekstskifte, og grønsakene vert omsett lokalt. Sal gjennom Bondens marked, REKO-ring og eigne gardsutsal, gjer det mogleg å bevare nærleik til marknad og faste kundar. Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsakproduksjon.

Lokal småskala produksjon av grønsaker kan både vere enkelt og utfordrande å starte opp med. Hausten 2019 starta 30 ivrige deltakarar på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marknad, NLR Økologisk og NLR Vest. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift, der næringsstoff, avling, jordkvalitet, arbeidskraft, kunnskap, marknadskanalar og forbrukarar heng saman. Kurssamlingane i 2020 er over, men det er framleis oppfølgingsaktivitetar på gang, og mange er nøgde med fyrste sesongen. Kurset startar no på nytt: Marknadshagekurset i Vestland 2021.

Prøveår på Stølen i Strandvik

Simon og Jovana Wolff i Strandvik har dyrka litt grønsaker til eige bruk på garden sin. I vår tok dei sats og etablerte ein eigen grønsakhage. Målet var å bygge erfaring med å dyrke økologiske grønsaker for sal, og kjenne på om dei likte det. Og likte det gjorde dei – både dei som dyrka og dei som kjøpte grønsakene.

 

 

Simon Wolff i Strandvik opnar hjortegjerdet til grønsaksåkeren. (Foto: Frøydis Lindén)

 

«Det er viktig for oss at det er sambygdingar som får glede av grønsakene vi dyrkar. Det er så lett å tenkje at det er mest i byen grønsaksforbrukarane finst, men vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk i bygda. Fleire av dei ser fram til å teikna abonnement til neste år, og vi ynskjer å opne opp garden fleire gonger i sesongen for omvisingar og ein liten pop-up kafé.»

Denne sesongen har dei prøvd ut mange ulike grønsaker, både for å få erfaring med å dyrke dei, men òg for å finne ut kva kundane vil ha. Dei ville tidleg sikre seg at kanalane for å få omsett varene er der, når dei er klare for å selje. Simon har laga fleire små filmsnuttar frå produksjonen sin. Desse er lagt ut på Facebook, og no veit mange i bygda at dei ynskjer å selje meir grønsaker neste år.

Dei har rekna seg fram til at dei kan klare 15-20 abonnentar til grønsakkassane sine neste sesong. Dei har også vore med å starta opp lokale REKO-ringar, og skulen og restauranten i Strandvik er interessert i å kjøpe grønsakene til Simon og Jovana.

Simon og Jovana har mange framtidsplanar. I 2021 skal dei byggje geitefjøs og foredle mjølk til ulike meieriprodukt. Grønsaksproduksjonen skal vere det andre beinet å stå på, i gardsdrifta. Paret kjem opphaveleg frå Tyskland og dei har hatt stor nytte av å følje med på tyske nettsider og sosiale medium, for å lære om marknadshagearbeid derifrå. Dei ynskjer seg eit tettare nettverk i Noreg og Vestland, for å få ein god og trygg start på grønsaksverksemda si. Marknadshagekurset til Bondens marknad var ein god start, og dei håpar nettverket vil bygge seg sterkare i åra framover.

Hagen på Nes

Kristine Moldenhauer Biseth bur på Mundheim i Hardanger, på ein gard med stor skogsdrift og liten jordveg. I fleire år hadde ho drøymd om å skape ein jobbkvardag på garden der ho kunne bruke jordene kring garden. Då kurset i småskala grønsakdyrking starta, vart dette springbrettet til å satse på det som til no hadde vore ein hobby. Kurset fekk henne til å sjå alvoret i å gjere grønsakdyrking til ein leveveg.

 

 

Kristine M. Biseth har sådd alle småplantane sine sjølv i drivhuset, og hadde fleire hold av salat denne vekstsesongen. (Foto: Frøydis Lindén)

 

«Det eine tok det andre, når naboar og kjente ville kjøpe, og eg måtte annonsere og vite prisar. Eg fann ut at eg kunne like så gjerne få laga ein logo og oppretta ein instagramkonto og ei Facebookside for annonsane. Då eg fyrst starta med å annonsere, så tok det jo heilt av. Restaurantar og naboar ringde om kvarandre, og då var det berre til å henge med i svingane!» 

I vår sådde ho sine fyrste frø i det vesle drivhuset på 8 m2, og fekk fram småplantane sine. Kjøkkenhagen blei utvida til ein sjølvforsyningshage, og då fekk ho press på seg til tenkje på marknaden sin i framtida.

Vinteren vil Kristine bruke til å planlegge ei utviding, og ikkje minst lage planar for å kunne få investeringsstøtte frå Innovasjon Norge. Ho skal òg finne ut om ho vil drive garden økologisk, eller konvensjonelt. Ein brukt tunell er allereie kjøpt, og ho vil bruke rådgivinga til å lage ein plan for korleis resten av arealet på garden skal takast i bruk. Ho ynskjer også å satse på fleirårige kulturar, så ho treng fleire fagfolk på tunet komande år.

Prøvesesong ga meirsmak

Eivind Myrdal i Jordalen ved Eidsvåg i Bergen driv ein konvensjonell gard med mjølkeproduksjon som hovudnæring, men har òg mindre flokkar med sauer, grisar og høner. Han gjekk ikkje på marknadshagekurset, men vart inspirert av satsinga på Toppe gartneri i nabobygda, der dei har starta med å dyrke meir grønsaker ved sidan av blomeproduksjonen. Dei to gardane fann ut at dei kunne dele på traktormontert utstyr og produksjon av småplantar, og så var dei i gang med prøveproduksjonen sin.

 

 

Bybonden Ida Kleppe i Bergen (t.h.) og Eivind Myrdal står i skiljet mellom potetåkeren og grønkålrekkene med nedbrytbar maisplast. Den hjelpte godt med å halde kontroll på ugraset i sommar. (Foto: Frøydis Lindén)

 

«Å dyrke grønsaker har gitt meirsmak og har vore moro, seier Eivind Myrdal, men me må planlegge vidare drift så vi har tid nok. Vi har dyrka potet i attlegga kvart år så lenge eg kan hugse, men berre nok til oss sjølve og nokre naboar. I år fann vi ut at det var lett å utvide og prøve med litt fleire grønsaksslag. Og det var ikkje så vanskeleg, men vi skulle gjerne hatt meir tid til å bry oss om innhausting, pakking og sal.»

Etter ein familiedugnad med å sette småplantane frå gartneriet i jorda, var dei i gang. Han har berre brukt kunstgjødsel på grønsakene, og tenkjer i utgangspunktet å halde fram med tradisjonell grønsaksdrift, då resten av garden vert driven med konvensjonelle innsatsmiddel.

I år har Eivind hatt gardsutsal frå kjølerommet i garasjen. Skilt med prisar og kassar med grønsaker har vore der for dei faste kundane som pleier å kjøpe egg. Men til neste år tenkjer han å fokusere litt meir på rotgrønsaker og andre haustvekstar, som er klare etter andreslåtten. Han er framleis usikker om han skal satse på gardsutsal eller REKO-ringen, men vil uansett melde til Mattilsynet at han sel grønsaker, slik at det formelle er i orden for sal på REKO-ringen.

Marknadshagekurs i Vestland 2021

Oppstartskurset til Bondens marknad ga eit godt grunnlag for å begynne å satse på småskala grønsaksproduksjon. Andre kursrunda er no annonsert på Bondens marknad si heimeside, med start i november. Denne gongen blir det to samlingar med marknadshagefokus, samt kortkurs i grønsakdyrking med rådgjevarar i NLR, og ei samling med fokus på å vere ei etablert verksemd innan grønsakdyrking for lokalmatsal.

Stadsbruk: nettverks- og inkubatorprogram for nye grønsakdyrkarar

Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Trøndelag og Oslo/Viken er involvert i eit nettverksprosjekt som heiter Stadsbruk Europe. Stadsbruk blei utvikla som ein metode med fleire ulike delar som saman skapar moglegheiter for større lokal matproduksjon. Det Malmø-baserte prosjektet vil dele av sine erfaringar med å drive eit nettverks- og inkubatorprogram for nye grønsakdyrkarar - med og utan gard.

Ved å utdanne og inspirere dyrkarar, grunneigarar og byar, har metoden allereie spreidd seg til fleire stadar både i Sverige og i Europa. I Noreg er målet bl.a. å støtte oppstartsverksemder innan småskala grønsakdyrking i det krevjande oppstartsåret, og sikre framhaldet av aktivitetane som Bondens marked sitt marknadshagekurs har skapt. Dette prosjektet vil alle kursdeltakarane frå 2020 og 2021 dra nytte av.

Les meir om prosjektet på botildenborg.se/stadsbruk-2/

 

Alle aktivitetar med dato:

2020:

2021

Marknadshagekurset 2021:

  •  20. januar – stadfesta dato, Hordaland*
  •  17. februar – stadfesta dato, Sogn og Fjordane*
  •  10. mars. Entreprenørskapsdagar for småskala grønsakdyrkarar*
  •  11. april. Studietur Nord-Tyskland – besøk marknadshagar i drift. Bjørnafjorden landbrukskontor er arrangør.

Datoar med * betyr at det er obligatorisk for dei som har fått plass på marknadshagekurset 2021. Du kan ikkje delta på marknadshagekurset to gonger.

Kontaktpersonar:

  • Maya Riise, Bondens marknad, 950 86 494.  
  • Frøydis Lindén, Fylkesmannen i Vestland, 55 57 21 86/905 52 194.

 

Denne artikkelem står på trykk i fagbladet Økologisk Landbruk nr. 3-2020, som kommer i november.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.