Vest i Grimstad kommune er det to gardsbruk som er i gong med NoFence. Eskild og Kristin Bothner driv økologisk gard på Svennevig og no er sauene og høglandsfèet klar for den virtuelle gjerdeløysinga. Ikkje langt unna, i Homborsund, driv Anne Lena og Hans Petter Gilje med storfe av rasen Belted Galloway der kvigene skal beite gjerdelaust for andre år på rad. Systemet er testa på 100 norske storfebruk og 70 sauebruk i 2019 og er ikkje i konflikt med dyrevelferdsregelverket, ifølgje Mattilsynet si godkjenning.

IS Plakat og storfeklave EB
Infoplakat om husdyr på beite uten gjerde.

Betre utnytting av beiteressursane

Familien Bothner kjøpte garden i 2003 og la om til økologisk i 2011. Eskild (56) kommer frå Trøndelag og Kristin (49) frå Tolga, og dei har fire barn (13-28 år). Han har bakgrunn som pilot, fiskar og skogbrukar, og ho er utdanna lærar og har vore budeie. Dei kjøpte garden fordi dei ønska ein stad å kombinere landbruk med fiske, jakt og ein kennel for oppdrett av Gordon Setter, og for at barna skulle vokse opp på gard og ta del i desse verdiane. Garden er eit typisk lite kystbruk som tradisjonelt kombinerte jordbruk og fisk.

Dei leiger ein del jord og driv 194 dekar eng og 27 dekar innmarksbeite. Spælsauene og høglandsfèet er viktige for å opne opp det attgrodde kulturlandskapet og få tilbake meir av det biologiske mangfaldet. Store delar av utmarka er gjerda inne, men straumen blir ofte broten, og no vil dei tenke nytt og forsøke NoFence på dyra. Når straumen vert kutta, lærer ikkje kalvane å respektere gjerdet, og dei blir slakta som eittåringar i staden for som triåringar. NoFence er eit relativt kostbart system, spesielt for storfe, men dei håpar det vil fungere slik at dei kan fortsette med beitedyr i utmarka.

Dei har kjøpt inn klavar til sju kyr, ein okse og kalvane, og no ventar dei på eit system for å fiksere dyra når klavane skal på. Høglandsfèet har fri fôring med to slags grovfôr; fiberrikt og med høgt energiinnhald. Dei har hus med tak og tre veggar, men dei likar seg best ute. Eskil, som har følgd med på utviklinga i mange år, tykkjer at NoFencefolka følger svært godt opp, med vidareutvikling av både klavar og bjøller. Den einaste avgrensinga er at ein berre kan definere 32 punkt på kartet, og det er lite når området er stort og kronglete, og spesielt om noko skal gjerdast ute, som hytter, farlege punkt og liknande.

IS Anne Lena Gilje med kvigene
Hans Petter og Anne Lene Gilje med Dexterkvigene som har fått på seg Nofenceklavene.

Gjerdelause beitepatruljar

Dei 35 spælsauane beiter på Homborøy som er ein del av Skjærgårdsparken. Som pilot i Widerøe har Eskil i mange år vært interessert i GPS-system og dei har lenge brukt dronar i tillegg til vanleg tilsyn. Sønane Trym og Sondre flyg dronar som var det ein forlenga del av kroppen og dei har Sauekontrollens app på mobilen for å oppdatere når dei er på tokt. Med Nofence på sauane er dei klar for å leige ut beitepatruljar i kulturlandskapet hos andre som ikkje har gjerde. Med fysisk tilsyn, NoFenceklavar og dronar, vil tilsynet bli bra. På Agder er det mykje småkupert og kronglete terreng, og det er arbeidsamt og dyrt å sette opp og vedlikehalde gjerder. Dette er eit fantastisk høve for beiting i nye område som det er viktig å halde opent både for det biologiske mangfaldet og for å redusere flåttplaga.

IS Trym Bothner med drone og hoylandsfel 2021
Trym Bothner flyg drone.