Gris og høns som del av gardsmangfaldet

26.01.2018 (Oppdatert: 26.01.2018) Ane Harestad

På Skjerabakken har dei stor interesse for gamle husdyrrasar og god jordvelferd. Omsetning av eigenprodusert kjøt har ein sentral plass i den allsidige drifta.

Kristian Apeland har gode erfaringar med vestlandsk fjordfè som ammeku. Oksen går på beite saman med resten av flokken. Foto: Ane Harestad.

Kristian Apeland og Mailinn Skogli tok over garden Skjerabakken vinteren 2010. Garden hadde stått utan drift nokre år då dei starta opp med sau, gris og eit allsidig husdyrhald.
Etter kvart har interessa for gamle husdyrrasar utvikla seg. Dei synest det er viktig å ta vare på gamle rasar enten det er storfè, småfè eller fjørfè. I 2016 kjøpte dei difor fire vestlandsk fjordfe og ei sida trønderfè, som i år har blitt til seks kyr, ein okse og tre kalvar.
- Gamle rasar er hardføre, nøysomme og tilpassa lokale forhold, seier Kristian.
Av andre bevaringsverdige husdyrrasar har dei nokre jærhøns og smålensgås. Dei har hatt egg frå Jærhøns for sal, men for tida er omfanget berre til husbruk. Det same gjelder for gåsa. Ho klarer seg svært godt, og beitar mellom anna høymole. I tillegg er det ein liten flokk med boergeiter som er gode til å pusse beitene og halde tistlar i sjakk.

Spælsau og fjordfe
For å få ein meir nøysom sau, held Kristian og Mailinn på å bytte ut norsk kvit sau med spælsau. Dei ser føre seg at maksimalt tal dyr kan bli 30 vinterfôra. Sauene går på fjellbeite om sommaren. Drøvtyggarane er så godt som hundre prosent grasfôra. 
 Vestlandsk fjordfè fungerar godt som ammeku. Dei yter godt på gras, og får ikkje kraftfôr. Kyrne blir gamle og har ein kalv i året.
Hampshire og ullgris
Grisane er av rasen Hampshire, og får åtte til ni ungar per kull. Ei av dei tre purkene er av rasen ullgris, eller Mangalitsa. Dei prøver seg fram med omsyn til tall kull per år, og ser at med to kull i året blir det slaktegris i flokken heile året. Eitt kull i året med grising om våren vil gjere grisehaldet enklare om vinteren. Uansett vil omfanget av slaktegris vera småskala, med rom for tilpassingar etter arbeidskapasitet og årsvariasjonar.
Auka uteareal til grisen
Utearealet til grisane er variert med skogholt, innmarksbeite og vatn. Arealet som grisane fekk i starten viste seg å vera for lite, og det vart mykje graving i jorda og meir press på gjerdet. Etter utviding av utearealet til 15 dekar rotar dei mindre, beitar meir og er enkle å halde innføre gjerdet. Vegetasjonen blir halden greitt nede. Grisane har god appetitt på høymole og tistel.

Myse til grisen
Grisane får kvar dag myse frå Stavanger Ysteri samt kraftfôr. Mysa er populær hjå grisane.  
– Det hadde vore fint dersom det var rom i det økologiske regelverket for bruk av mest mogleg lokalt matavfall, men framover ser det i alle fall ut for at me kan ta i mot økologisk avfall frå ei lokal saftpresse, seier Mailinn.
Storfè og gris i stålhallar
Storfèet er ute på beite heile sommaren, og står inne på talle med grovflis i stålhallar om vinteren.
 - Dette er ei svært enkel løysing som saman med fôrhekk for rundballe fungerer godt og er enkel å vedlikehalde. Tallen kan enkelt køyrast ut når innefôringssesongen er ferdig, fortel Kristian.
 Også grisane har innearealet sitt i stålhall. Her brukar dei stort sett innkjøpt halm som underlag. I starten viste innearealet seg å vera for stort, og det vart mykje skit inne. Sidan grisane har fri tilgang på uteareal heile året, er det rom for å redusere innearealet i tråd med økologisk regelverk. Etter at inneareal er avgrensa noko, har det vore lettare å halde det reint inne.

Plater oppå strekkmetall
Sauene går på strekkmetall med rikeleg inneareal. For å tilfredsstille nytt regelverk for tett liggeareal, planlegg dei å legge plater oppå strekkmetallet. Sauene står inne om vinteren, men har tilgang til luftegarden.
Sal av kjøt frå garden
Dei siste tre åra har det vist seg å vera god etterspurnad etter kjøt frå garden. Dei har til no teke retur av lamme- og griseslakt. Framover vil det også bli storfè og geit. Om lag halvparten av slakta blir tekne i retur. Resten blir omsett gjennom slakteriet på vanleg vis.
 Dei får i retur heile dyret; både kjøt og innmat. Lam er i pakningar med halve dyr og gris i fjerdedels dyr. Det er størst etterspurnad etter lam. Når kjøtet kjem til gards, står det på kjølelager til kundane kjem og hentar det dei har bestilt. Grisane blir slakta ved syv til åtte månaders alder. Då har dei litt over 100 kg slaktevekt.
Gode grasavlingar
I engdyrkinga har dei to slåttar og rundballelagring. I tillegg til eiga husdyrgjødsel, får dei tilkøyrd noko konvensjonell storfegjødsel. Grovfôrgrunnlaget er godt. Første året etter omlegging til økologisk var det ein knekk i avlinga, medan dei siste åra har grasavlingane vore fullt på høgde med avlingane før omlegging.
 Pløying og fornying av eng for nokre år sidan gav mykje oppspiring av høymole. Dei ser verdien av å ta best mogleg vare på den gamle enga, og er i starten av å prøve ut meir målretta bruk av beite med skiftebeiting for alle dyreslag. Nye faste elektriske gjerde gir gode moglegheiter for praktiske opplegg for skiftebeiting med alle dyreslag. Kristian er i gang med å dyrke 27 dekar innmarksbeite. Når dette blir ferdig, blir truleg sauetalet auka noko.
Overlet ugraset til dyra
For å hindre vidare frøspreiing, prioriterer dei høymoleluking på areal som ikkje blir slått eller beita. Både gris, sau, geit og gås beitar høymola godt. Tistel slår dei ein gong i året, og tistel blir også halde bra i sjakk av beitedyr.
 Noko av kunsten er å sjå heilskapen på garden og at dyra får fleire funksjoner. Ei allsidig gardsdrift gir Skjerabakken også mange bein å stå på.
ane.harestad@nlr.no

Skjerabakken gard

- Ligg Gjesdal kommune i Rogaland
- Økologisk 2015
- Lokal omsetnad av kjøt
- 52 dekar fulldyrka
- Har gris, høns, spælsau, Vestlandsk fjordfe og smålensgås. 

Gris
- 15 dekar uteareal til grisane
- En råne, tre purker, en til to kull i året, ni ungar per kull.
- Rasen er Hampshire pluss ei ullsvinpurke

Ullgris
-       Oppført som eigen rase i 1927 
- Rund og feittrik gris med marmorert kjøt og krøllhår.
- Hardfør gris som er utbreidd i søraustlege delar av Europa.

Jærhøns
- Vår einaste norske hønserase.
- Etterkommer etter den opprinnelege, norske landhøna.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.